Multisenterstudien RehabNytte.
Dei omlag 60 private rehabiliteringsinstitusjonane står for over halvparten av all tverrfagleg spesialisert rehabilitering i Noreg. Frå juni 2018 har Ravneberghaugen vore med i FoU-nettverket for private rehabiliteringsinstitusjonar. Dette nettverket har til hensikt å vere ein arena der ein kan dele og bygge fagleg kompetanse, og består i dag av 22 private rehabiliteringsinstitusjonar frå alle helseregionane.
I 2017 tok FoU-nettverket initiativ til multisenterstudien «RehabNytte». Totalt 17 private rehabiliteringsinstitusjonar har inkludert over 4000 pasientar til studien. Studien er leda av Nasjonal kompetansetjeneste for revmatologisk rehabilitering (NKRR), med Nasjonal kompetansetjeneste for arbeidsretta rehabilitering (NKARR) som bidragsytar. Formålet med studien er å undersøke effekt av rehabilitering. I tillegg ser studien på måleeigenskapar ved utfallsmål, nytte av kvalitetsindikatorar og brukarmedverknad i rehabilitering. Resultata frå studien vil auke kunnskap om kva nytteverdi spesialisert rehabilitering har for samfunnet.
På Ravneberghaugen var det totalt 203 pasientar som deltok i studien. Etter 3 månader svarte 80% av våre pasientar at dei har oppnådd eit eller fleire mål som følgje av rehabiliteringa, 71% seier dei har fått betre fysisk, psykisk og/eller sosial funksjon, og 69% svarer at dei har fått betre livskvalitet. Etter 1 år er trenden framleis at dei fleste kjenner seg betre enn ved starten av rehabiliteringsoppholdet. Desse tala viser oss at det tilbodet me gir på Ravneberghaugen gjer ein forskjell for mange av pasientane våre. Tusen takk til alle som har deltatt, det betyr mykje for oss!